Vera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vera Mukhina var viktig innan sovjetisk kunst.

Vera er eit kvinnenamn knytt til slaviske ord for 'tru', særleg russisk вера (vjera). Det er ein av dei tre guddommelege dygdene i kristendommen. Namnet kan også visa til den latinske og italienske hokjønnsforma for 'sann', koma frå albansk verë, 'sommar', eller vera ei kortform av Veronika. Vera kan også vera eit etternamn.

Vera har norsk namnedag den 4. februar og svensk namnedag den 30. mai.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Vera er eit vanleg namn i Russland og Slovenia, varianten Věra er svært utbreidd i Tsjekkia, og Veera er vanleg i Finland. Vera er også eit kjent namn i Kosovo. Vera er eit sjeldnare namn i Noreg. Det blei ein del brukt i tida frå 1925 til 1965, då rundt 0,15 % fekk namnet. I 2009 heitte 2064 norske kvinner Vera.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Skodespelaren Vera Miles i ein trailer for filmen The Searchers (1956).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]