Statikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Statikk er ei grein av fysikk som omhandlar analyser av kreftene og kraftmomentet på eit fysisk system i statisk likevekt. Det vil seie analysen av eit system i ein tilstand som ikkje endrar seg over tid, eller der komponentane og strukturane ligg i ro og dei eksterne kreftene er i likevekt. Når eit system er i statisk likevekt vil systemet anten ligge i ro, eller flytte seg med konstant fart gjennom massesenteret sitt. Eit system som ikkje har noko bestemt likevektsstilling vert kalla astatisk.

Newton si andre lov impliserer at nettokrafta eller netto kraftmoment på kvart lekam i systemet er null. Det vil sei at for kvar kraft på ein lekam, må det vere ei anna kraft som er like stor og motsett retta. Ut frå desse vilkåra kan ein finne storleikar som fysisk stress eller trykk. Nettokreftene som er lik null vert kalla det første vilkåret for likevekt, og netto kraftmoment lik null vert kall det andre vilkåret for likevekt. Sjå statisk faktor.

Statikk vert grundig brukt i analysar av strukturar, til dømes i byggteknikk. Materialstyrke er eit felt innan teknikk som i stor grad byggjer på utrekningar av statisk likevekt.

Hydrostatikk er studiet av væsker som ligg i ro. Her analyserer ein system i statisk likevekt, som involverer krefter på grunn av mekaniske væsker. Ein av eigenskapane for ei væske i ro, er at når ei kraft virkar på ein partikkel i væska, vil kreftene vere like stor i alle retningar. Viss kreftene ikkje var det, ville væska ha byrja å flytte på seg i retninga der resultantkrafta var størst. Dette konseptet vart først formulert av den franske matematikaren og filosofen Blaise Pascal i 1647 og vart seinare kjend som Pascals lov. Denne lova er svært viktig innan hydraulikk. Galileo Galilei gjorde òg mange framsteg innan hydrostatikk.

I økonomi har «statisk» analyse i hovudsak den same tydinga som i fysikk. Sidan Paul Samuelson gav ut Foundations of Economic Analysis i 1947 har fokuset vore på komparativ statikk, t.d. samanlikning av ei statisk likevekt med ei anna, utan særleg diskusjon om prosessane som skjer mellom dei – bortsett frå å merke seg dei ytre årsakene som førte til endringa.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Andre fundamentale ingeniøremne[endre | endre wikiteksten]